- Hardanger Spelemannslag
Me søkte tidlegare i haust om prosjektmidlar frå Sparebanken Vest til konsertane i jubileumsåret, og dei fine t-skjortene våre. I dag fekk me svært gledeleg overrekt 60 000,- til desse aktivitetane, hurra! Tusen takk til Sparebanken Vest som ynskjer å vera med å støtta aktivitetane våre og som dreg med folk i alle aldrar som me synes er med på å gjera lokalsamfunna som Hardanger Spelemannslag omfemnar meir levande.
Me har allereie arrangert ein jubileumskonsert i Oslo, og gler oss til å arrangera ein til på Lofthus den 9.desember!
Det vert også denne hausten og våren Hardingfolk-samlingar, hurra! Stad og datoar er bestemt, føl med på facebook for detaljert informasjon om lærarar og anna når samlingane nærmar seg.
I tillegg til sundagsøvingane vert det også danseøvingar for vaksne på torsdagar
Torsdagar: 18.00 - 19.30
Sundagar: 17.00 - 18.30
Sundagar er det øvingar for alle i Hardanger Spelemannslag. Øvingane føregår i hovudsak i ungdomshuset Trudvang i Granvin. Trykk på biletet for oversikt over datoar og timeplan for dagen. Vel møtt, dette er kjekt!
Knut Hamre fylte 70 år den 3.mars 2022. Knut har med hardingfela representert Hardanger i ein mannsalder og har lagt ned eit enormt rekrutteringsarbeid i omlag 40 år, noko han held fram med den dag i dag! Hardanger Spelemannslag ynskjer å heidra og feira Knut og steller i stand konsert og dans i Trudvang laurdag 3.desember. Granvin Ungdomslag er med på laget og skal stå for matsalet.
Hjarteleg velkomne, alle saman!
Det vert øvingar i laget i Trudvang, ungdomshuset i Granvin. Sjå bilete for tider og datoar. Nytt i haust er at det er danseøvingar for både born og vaksne, i tillegg til speleøvingar. Kom vert med, dette er kjekt!
Felespelar Halldor Meland (1884 – 1972) vert heidra med stor konsert på Hardanger folkemuseum fredag 1. april kl 19.30. Dette i samband med at over hundre år gamle Halldor Meland-innspelingar no har vorte restaurerte og gjevne ut på cd. Meland var ein svært sentral spelemann på 1900-talet, som både komponerte eigne slåttar og fornya det gamle slåttespelet.