385068759_700972402066725_3579602894708572207_n

Reisebrev frå jubileumshelg

Helga 29.sept-1.okt feira Hardanger Spelemannslag sine 75 år på Riksscenen i Oslo med konsert og kappleik.
Konserten var særs variert og det var spesielt ei endring frå 70-årskonserten vår som var litt ekstra gledeleg: det var omlag 20 born med på scena! Då me var i Oslo og hadde 70-årsfeiring var det ikkje med eitt einaste barn!
Rekrutteringsarbeid i Hardanger er vanskeleg, geografisk sett, men borna viser stor interesse så lenge dei får eit tilbod. Heldigvis finst det fleire tilbod og prosjekt som byggjer opp under folkemusikkrekrutteringa spreidd rundt omkring i regionen. Det finst leikarringar, toradarundervisning, kulturskular, spelemannslagøvingar med dans for alle mellom 4 og 100 år, HardingFolk-kurs, dans i skulane i Ullensvang Kommune og hovudkurset til Hardanger Spelemannslag "Dans, spel og song - alt pao ei gong" i mars kvart år. Det er også særs populært å reise til Voss på UngOsa og fleire av borna har også oppdaga det fantastiske tilbodet som finst knytta til Jørn Hilmestemnet og Strunkeveko.
Det å ha med borna på ein slik konsert er fyrst og fremst eit ledd i målet om å byggje eit felles miljø, trass i dei geografiske utfordringane og dei spreidde tilboda. Det er også ein tanke om å ta borna på alvor, ved å skape gode opplevingar og minner som vonaleg kan byggje vidare interesse. Me håpar at me lukkast med dette; me er i alle fall særs stolte over det borna synte fram under konserten, og på Sjokoladekappleiken dagen etter. Takk for turen!
Takk til foreldra som gjorde det mogeleg, utan dykk hadde det ikkje blitt tur for borna. Jenny Sofie E. Kjerland, Siw-Marlene Bolstad, Elisabet Magnusdottir Gunnlaugsson, Inga K. Khoueiry, Amalie Vik Lillegraven, Åslaug Eikrem Utne, Jan Asbjørn Utne, Lene Vie Nordeide, Eirik Kjepso Saue, Siri Stuve Elvatun, Ruth Lillegraven, Åsne Sleire Kjerland og Rannveig Djønne. Etter kring 10 timar i buss til saman, ein meny beståande av pizza, smågodt, chips, McDonald's-burgerar, sushi og brus, shopping og hotellovernatting med brannalarm, så fortenar de ein dag og to åleine i eit myrkt rom, men det får me ta att seinare.
Vidare vil eg takke Amalie Kinsarvik Tvilde, Åse Teigland, Rannveig Djønne, Magne Velure, Lajla Renate Buer Storli, Ruth Lillegraven, Silje Skare Storhei, Øystein Velure, Steffen Eide, Jonas Laupsa, Martin Vintertun Grasdal, Oda Kristin Tjoflot, Åsne Sleire Kjerland, Heidi Lund Berg, Endre Velken, Ine Christina Natland, Monica Kjærsten Tveit, Svein Laingen Kjerland, Arne Jordan, Eirin Tjoflot, Åse Midthun og Torkjell Lunde Børsheim for eminent deltaking på konserten og stort tolmod!
Ein ekstra takk til Eirin Tjoflot som var konferansier og sydde det heile så veldig fint saman.
Takk til Kari Lutro for god og roleg organisering bak scena (DET er ikkje ein liten jobb).
Takk til Ragnhild Laengen, Monica Kjærsten Tveit, Venke Trå og Åse Midthun for god mat på laurdag under Oslokappleiken.
Takk til den stødige bussjåføren Svein-Harald Solberg - me ringjer deg ved neste høve også!
Takk til sponsorar.
Og sjølvsagt hjarteleg takk til Riksscenen for at me fekk koma! Borna lurar allereie på om me kan kome tilbake om fem år?
Takk også til Oslokappleiken for eit strålande arrangement. Hardingane henta med seg opptil fleire premiar heimatt, i form av eplesaft frå Hardanger! Torkjell vann halling, laget vann lagspel, Torkjell og Heidi vann pardans, lagdansgjengen tok andreplassen i lagdans og underteikna vann spelklassa!
Takk til Knut Utler for at du dokumenterte det heile! Sjekk ut Knut Utler Foto for bilete.
Og til slutt: ekstra takk til styremedlemmene Torkjell Lunde Børsheim og Svein Laingen Kjerland som har hatt litt med alt å gjera. Dei kan ordne kva som helst! Takk til styremedlem Kari Lutro for at du smilar heile tida og for alt du ordnar, ofte slikt som me (eg) plutseleg kjem på at me (eg) har gløymt, og takk til styremedlem Johanna Mjeldheim som har sikra oss ein ny rekrutt som ho måtte vera heime å ta seg av.
Som de skjønar; på alle mogelege måtar ei særs vellukka og triveleg helg, takk for oss!
 
Helsing
Leiaren