HardingFolk i 2021-2022

Spelar du hardingfele, torader, dansar eller syng folkesongar?

Då er du hjarteleg velkomen til å delta på HardingFolk, ei kursrekkje i folkemusikk og folkedans frå Hardanger. Hardanger spelemannslag står som arrangør av heile 6 lokale kurs fram mot storkurset "Dans, spel og song - alt pao ei gong" i Granvin i mars 2022.

Sjå datoar og stader nedanfor og meld dykk på eitt, fleire eller alle kursa. 

Aldersgrensa er frå 8 år og prisen er 150,- per person.

Det vert også høve til å melde seg på MiniHarding for dei mellom 5-7 år. Her får ein oppleve og prøve seg i folkemusikk og folkedans.
MiniHarding varar ein time midt på dagen og er heilt gratis.

hardingfolkoversikt202122.jpg