Meld deg inn i Hardanger spelemannslag!

Hardanger spelemannslag er eit lokallag i FolkOrg- organisasjonen for folkemusikk og folkedans. Medlemssatsen er samansett av sentral sats i FolkOrg ( 320 for vaksne/ 100 for born og ungdom opptil 18), lokalsats i Hardanger spelemannslag ( 125 for vaksne/ 75 for born) og 25 kroner til Hordaland Folkemusikklag. Eit medlemskap er for deg som spelar, dansar og syng, eller for deg som vil stø det gode arbeidet vårt!

Meld deg inn ved å senda e-post til info@hardingfolk.no. 
Me treng å vita namn, postadresse, e-postadresse, fødselsdato.