Om Hardanger spelemannslag

Hardanger spelemannslag er dans og musikk, hardingfele og springar, rudl og toradar, slåttestev og vals. Me forvaltar den immaterielle og materielle kulturarven vår, samstundes som me representerar innovasjon og nyskaping på kulturfeltet.

Sundag 26. september 1948 møttest om lag 20 menn og kvinner på Mass Hus sitt pensjonat i Kinsarvik. Føremålet med møtet var å skipa eit spelemannslag i Hardanger, og initiativtakarar var Anders Kjerland frå Granvin og Jon Velure frå Lofthus. Johannes Kvestad skreiv dette om skipingsmøtet i sogeskriftet som vart gitt ut til 25 års jubileet til laget: ” Møtet vedtok samrøystes å skipa Hardanger Spelemannslag og at laget skulle vera med i Landslaget for Spelemenn ( i dag FolkOrg). Møtet valde eit styre for laget, og arbeidet med å lage lovar for laget vart sett i gang med sikte på at dei skulle vedtakast på det fyrste vanlege årsmøtet.” Dette fyrste møtet fann altså stad for over 60 år sidan, og mange spelemenn, dansarar, songarar og andre folkemusikk interesserte har vore medlemar av laget gjennom alle dess åra, og framleis kjem det nye til. Ved årsskiftet 2011/2012 hadde laget 120 registrerte medlemar. Desse er for det meste busette i Hardanger, nokre er utflytte hardingar med bustadadresser andre stadar i landet og nokre bur til og med i Sverige.