Ein heidersmann har gått bort

Sjur O. Nesheim gjekk bort 2.august 2013.

 

Sjur døydde brått om ettermiddagen 2. august på veg til den veglause garden Eldegard i Årdal i Sogn. Han var i lag med gode spelemannsvener for å ha ei triveleg helg med konsert og sosialt samvær. Ein kan seia at han "fekk reisa i ånden" av det han likte og treivst med. Han vart nær 77 år.

Han var fødd og oppvaksen på Nesheim i Øvre Granvin. Han vart snikkar slik som bestefaren og faren var. Faren kjøpte småbruket «Mjøstølen», og dette overtok Sjur i 1967. Han er vel ein av dei få som fekk ei særs god og verdfull Steinkjøndalsfela (1897) med garden.

Det var mange som spelte i Granvin i hans oppvekst, og interessa for felespel vakna tidlig. Han fekk tak i ein «leivabotn» av ei fela i 13 års alderen, men seinare hadde han fleire. No var det Håvardfela (1987) og Torsteinsfela (Steinkj. 1897) som var i bruk.

Han hadde opp gjennom åra erverva seg stor kunnskap om slåttar, spel, spelemenn og feler. Det gjalt både lokalt og på landsbasis. Han var dommar på mange kappleikar. Som spelemann kan ein seia det slik at spelkunna var langt større enn utførelsen. Det skuldast at at armar, nevar var utslitne og  stive  av hardt arbeid og «vadlasletta»

Sjur kom tidleg med i Hardanger Spelemannslag. Han var trufast på laget sine tilskipingar som allsidig hjelpar, i samspel og ved dansespeling. Han fylgde godt med i timen såleis at han hugsa hendingar og gode stubbar betre enn nokon.

Under Landskappleiken i Odda i 1984 var han ein av «krumtappane» i Granvinsgjengen som hadde ansvar for heile scenen i Oddahallen.

Sjur hadde mange andre område som han hadde interessa av og stor kunnskap om. Han kunne det meste om «det gamle bondeyrke» med hest og ljå. Han var ein god broggar som i mange år var med som domar under VM i Rongastova på Voss. Hest hadde han stelt med mest heile livet, reiste på mange utstillingar og slepp. Han sat i styre i Hestalaget i Granvin i alle år. Som snikkar med særlig kunnskap om gamle byggjeskikkar, var han svært akta i Fornminneforeninga. Han var fast konsulent om grindabygg, laftahus og verktøy som vart brukt til dette arbeidet.

No hadde han  vore pensjonist i mange år og lagt opp drifta heime på småbruket  etter dette. Han visste vel at det ikkje kom nokon etter som ville driva garden slik som han.

Han gledde seg storleg over den positive utviklinga for folkemusikken i Hardanger dei seinste åra. Det gjalt framvoksteren av dei heilt unge, alle desse fine ungdomane som storma fram, hevda seg kappleikar, laga konsertar og stilte opp. Sjur hadde svært god kontakt med felemakar Håvard Kvandal og viste mykje om feler og felemakeri. Han gav ofte uttrykk for kor glad han var for at den kunsten var på veg attende til Hardanger.

Eg vil seia det slik til slutt: Sjur visste mykje om mangt og mange, men han for fint med det.

Takk for laget Sjur.

Fred over ditt minne!

Arne Jordan