83788446_3192332574130072_6559667194282639360_o

Dans, Spel og song - alt pao ei gong

13.-15.mars 2020

Det er atter ei gong duka for folkemusikkhelg i Granvin og Hardanger Spelemannslag steller i stand "Dans, spel og song - alt pao ei gong", eit kurs på Granvin barne- og ungdomsskule i folkemusikk og folkedans. På fredagen vert det konsertar på Jaunsen: Ein med Frank Rolland og Marit Karlberg, samt ein konsert med Erik Sollid. På laurdagen held Gamlebanken Spelemannslag konsert, etterfulgt av dans med blant andre GJEVRE/ODDE/VÅRDAL. Samstundes er me så heldige at Bygda Dansar har lagt si andre helgesamling til Granvin denne helga, så dette vert ei særs triveleg helg med mykje folk og god stemning.

DANS, SPEL OG SONG - ALT PAO EI GONG
Det er mogeleg for alle å melde seg på kurs i både dans, hardingfele, torader, trekkspel og song.

Program for helga

Ungdom som overnattar på skulen. Fredag på skulen:
18:00: Innsjekk overnatting 
18:30: Mat
19:30-20:00: Bygda Dansar
20:00: Konsert/sosialt samvær for dei som bur på skulen

Folkemusikkveld i Gamlestova. Fredag på Jaunsen gjestgjevarstad:
18:30: Dørene opnar
19:30: Konsert med Frank Rolland og Marit Karlberg
21:00: Konsert med Erik Sollid

Dans, spel og song - alt pao ei gong. Laurdag på skulen:
10:00: Kursstart
11:00-12.00: Folkemusikkstund for dei mellom 4-6 år
13:00: Lunsj
17:00: Kurset er slutt

Konsert og dans. Laurdag i ungdomshuset Trudvang:
17:00: Middag i Trudvang
20:00: Dansespelkonsert med Gamlebanken Spelemannslag
21:00: Dans til Gamlebanken Spelemannslag og GJEVRE/ODDE/VÅRDAL

Kurs og instruktørar:
• Kristoffer Kleiveland – Toraderkurs
• Inge Gjevre – Toraderkurs
• Mads Erik Odde – Trekkspelkurs
• Vegar Vårdal – Dansekurs (for ungdom og vaksne, både nybyrjarar og erfarne dansarar. Det vert undervist i dansetradisjon frå Sekse og Ulvik)
• Marit Karlberg – Songkurs for vaksne
• Frank Rolland – Hardingfelekurs
• Erik Sollid – Hardingfelekurs
• Songkurs for born
• Hardingfelekurs for born
• Folkemusikkstund for born mellom 4-6 år – Laurdag 14. mars kl. 11.00

Konsert og dans:
På fredagen er det to konsertar på Jaunsen: Ein med Frank Rolland og Marit Karlberg og ein med Erik Sollid. På laurdag kveld vert det dansekonsert med sjølvaste Gamlebanken Spelemannslag, etterfulgt av dans med både Gamlebanken Spelemannslag samt GJEVRE/ODDE/VÅRDAL.

Prisar:
• Pubkonsertar i gamlestova på jaunsen gjestgjevarstad: 300,-
• Kurs, vaksen: 450,-
• Kurs, born (under 16 år): 250,-
• Kurs, konsert og dans laurdag, vaksen: 600,-
• Kurs, konsert og dans laurdag, born (under 16 år): 350,-
• Konsert og dans laurdag, vaksen: 250,-
• Konsert og dans laurdag, ungdom (mellom 15-18 år): 200,-

Påmelding:
Send e-post med namn, alder, kor lenge du har spelt/dansa/sunge og kva kurs du ynskjer å melde deg på i til:
johanna.mjeldheim@gmail.com.
For spørsmål kan ein ringe 905 68 877.

Overnatting:
For spørsmål om/bestilling av overnatting på skulen kan ein ringe 905 68 877. Pris: 100,- pr. natt. Då er frukost inkludert.


BYGDA DANSAR
Bygda dansar er et gratis folkedanstilbud for ungdom, der ein får læra folkedanstradisjon frå sitt fylke. I prosjektet får du sjansen til å jobbe med nokre av Noreg sine beste dansarar, musikarar og scenekunstnarar.
Bygda dansar ynskjer å styrke folkedansen som kulturarv, kunstnerisk uttrykk og samværsform.

Akkurat no er Bygda Dansar i Hordaland og Magni Rosvold og Ulf-Arne Johannesen er tilsett som fagkonsulentar i i dans. «Bygda dansar Hordaland» vert drive av Norsk senter for folkemusikk og folkedans og er eit treårig prosjekt.

For spørsmål, ta kontakt på bygdadansar@fmfd.no, eller ring 40 61 52 22. Ein kan sjekke ut Bygda Dansar på bygdadansar.no eller finne Bygda Dansar si side på facebook!