- Hardanger Spelemannslag
For alle born og unge
– enten du har delteke på Hordamønstringa, eller berre har lyst til å komma innom og vera med og sjå kva dette er – er du hjarteleg velkommen til gymsalen på Granvin skule frå kl 16:00-17:30 den 11. mars!
I år vert Hordamønstringa arrangert den 11. mars i Granvin av Hardanger spelemannslag.
Tevlinga er lagt opp som ein ordinær kappleik med standard klasseinndeling og ein eigen uformell "Sjokoladekappleik" for rekruttane under 12 år.
På kvelden vert det spelt opp til dans ut til dei små timar. Det vert sal av mat og drikke heile dagen.
Det er Hardanger Spelemannslag som er arrangør og alt føregår i Trudvang, ungdomshuset i Granvin.
Les meir under Hordamønstringa 2017 for informasjon om påmelding, prisar, osv.
VEDLAGT PLAKAT med informasjon her.