- Hardanger Spelemannslag
Klikk på lenka for å få opp program og prisar for helga!
Det er atter ei gong duka for folkemusikkhelg i Granvin og Hardanger Spelemannslag steller i stand "Dans, spel og song - alt pao ei gong", eit kurs på Granvin barne- og ungdomsskule i folkemusikk og folkedans. På fredagen vert det konsert på Jaunsen med Svein Laingen Kjerland og Eivind Tanche-Larsen Knutsen, og på laurdagen vert det dans til GJEVRE/ODDE/VÅRDAL. Hardanger Spelemannslag vonar at dette vert ei særs triveleg helg med mykje folk og god stemning.
På grunn av lite påmelding, har me sett oss nøydd til å gjera nokon endringar i programmet. Det er framleis mogleg å melda seg på, skund deg å gjera det innan onsdag 06.10!
Spelar du hardingfele, torader, dansar eller syng folkesongar?
Då er du hjarteleg velkomen til å delta på HardingFolk, ei kursrekkje i folkemusikk og folkedans frå Hardanger. Hardanger spelemannslag står som arrangør av heile 6 lokale kurs fram mot storkurset "Dans, spel og song - alt pao ei gong" i Granvin i mars 2022.
Sjå datoar og stader nedanfor og meld dykk på eitt, fleire eller alle kursa.
Ulvik er kursstaden for det andre kurset i kursrekkja vår HardingFolk. Velkomne!
Kinsarvik er staden for det fyrste kurset i kursrekkja vår HardingFolk. Velkomne!
Spelar du hardingfele, torader, dansar eller syng folkesongar? Då er du hjarteleg velkomen til HardingFolk.
Hardanger Spelemannslag ser seg diverre nøydde til å avlysa alle arrangement i samband med Folkemusikkhelg i Granvin 13. - 15. mars.